Hedda Gabler
Hedda Gabler av Henrik Ibsen vart gitt ut i 1980. Hedda Gabler er namnet på både dramaet og hovudpersonen i stykket. Hedda er ei ganske alvorleg overklassekvinne som er nygift med Jørgen Tesman. Dei har nettopp komme tilbake frå den lange bryllaupsreisa deira, der Tesman har brukt mykje av tida til å studere, mens Hedda har kjeda livet av seg. Ho har også vorte gravid på reisa, men gjer alt for å ikkje tenkje på det. Det er ganske tydeleg at Hedda verken er forelska eller lykkeleg gift med Tesman, og ho vil i alle fall ikkje ha barn med han. Tesman vil berre det beste for sin hustru. Han kjøper huset ho ville ha og tar henne med på den dyraste bryllaupsreisa. Tenestepiken Berte og Tesmans tante prøver å gjøre så godt dei kan for å tilfredsstille Hedda, men ingenting er godt nok for henne. Dei fleste i stykket synes det er underleg at Hedda enda opp med ein som Jørgen Tesman, og meiner ho ikkje passar inn i deira borgarlige miljø. Temaet er ulukkeleg kjærleik.
På gangen deira heng det eit portrett av faren hennar, General Gabler. Gjennom heile stykket får vi inntrykk av at ho hadde eit nært forhold til han. Vi får verken høyre om mor eller søsken, så han har antakeleg oppdratt henne aleine. Han har vore eit sterkt forbilde for ho, og har mellom anna lært henne å ri og skyte. Ho har også blitt påverka av Generalens måte å tenkje på, ho skal holde hovudet høgt og vere sterk i alle saker. Pistolane han etterlat seg, får stor betyding for handlinga i stykket. Hedda plar å skyte i hagen for moro skyld når ho ikkje har særleg anna å ta seg til. Pistolane vart nemnt ofte og forbereder heile tida lesaren på kva som kjem til å skje.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar